Stemmeklang - Parallax
17. september kjem ensemblet Stemmeklang•Parallax til Kraftmuseet med verket OSEAN – eit verk som er som skapt for kraftstasjonen! Verket vart opphaveleg skrive for Emanuel Vigeland sitt mausoleum i Oslo, og utvikla med utgangspunkt i mausoleet sin monumentale gravkammer-akustikk.
OSEAN tek publikum med på ei lydleg havreise gjennom korallrev og orkanar, tåkelurar, fugle- og kvalsong, drypande grotter og gløymde skipsvrak. Stemmer, trompet, gitarar, perkusjon og romklang smeltar saman i eit sanseleg og fysisk lydlandskap der rommet sjølv blir ein aktiv del av musikken.
Verket hadde urpremiere i Emanuel Vigeland sitt mausoleum i april 2023, og har sidan blitt framført i somme av landets mest særeigne rom – mellom anna ein nedlagd fiskeoljetank på Melbu i Vesterålen, kruttårnet på Munkholmen i Trondheim og Tune kyrkje i Sarpsborg. Kvar framføring har blitt forma av staden sin arkitektur, historie og akustikk.
Når OSEAN no kjem til «kraftkatedralen» Tysso I, møter musikken eit nytt rom prega av industrihistorie, kraftproduksjon, stål, stein og rå resonansar. Kraftstasjonen sin særeigne atmosfære vil gje verket nye klanglege og visuelle dimensjonar, og gjere konserten til ein unik versjon av OSEAN.
Stemmeklang•Parallax er ei samansetjing av to ulike ensemble.
Stemmeklang har sidan 2009 arbeidd med stadsspesifikke verk i unike akustiske rom, og albumet Tomba sonora (2019) vart Grammy-nominert for beste lyddesign. Ensemblet består av Kristin Bolstad, Linnéa Sundfær Casserly, Karoline Dahl Gullberg, Julie Kleive og Gabrielle Sørensen.
Parallax har sidan 2008 utforska grenselandet mellom improvisasjon, samtidsmusikk og folkemusikk, og består av Torstein Lavik Larsen (trompet, perkusjon), Are Lothe Kolbeinsen (gitarer, prepareringer) og Ulrik Ibsen Thorsrud (slagverk).
Foto: Are Lothe Kolbeinsen