8. mars - kvinnedagen på Litteraturhuset

Arrangementsinformasjon

Salongprat og foredrag om husmora si rolle før og i dag. Kva har endra seg? Kva er likt som i dag? Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum markerer den internasjonale kvinnedagen med eit arrangement i Litteraturhuset i Odda. Husmorrolla, utradisjonelle yrkesval, mammapermisjon, ukebladene si rolle og feministiske trendar i verda vert diskutert. Foredrag, og salongprat med m.a Helene Seim, Karine Einang, Gunn Gravdal og Cathrine Seim Holten. Sett av kvelden! Bar og kafé frå 18.00.